Hvordan retter jeg jeg feil i mva-rapporteringen?

  • Skriv ut

Dersom du skal endre ei mva-melding (omsetningsrapport) som er send inn, må du bruke ei endringsmelding. Registrerer du direkte i Altinn, må du velje meldingstypen «tilleggsmelding» eller «korrigert melding» i feltet Meldingsopplysningar.

Fristen for å endre: Innan 3 år etter den opphavlege leveringsfristen for mva-meldinga du vil endre.

  • Dersom du oppdagar feil opplysningar i mva-meldinga, skal du sende ei endringsmelding til Skatteetaten.
  • Dersom du oppdagar feil opplysningar i tolldeklarasjonen, skal du sende ein søknad om ny utrekning til Tolletaten. Endringar i tolldeklarasjonen kan ofte føre til endringar i meirverdiavgifta. I så fall må du òg sende ei endringsmelding for mva for terminen det gjeld.

Skal eg krevje refusjon for meirverdiavgift?

Nei, mva-registrerte verksemder får meirverdiavgifta refundert ved å sende ei endringsmelding for den terminen som var feil. Dette gjeld frå og med 01.01.2017.

Fann du det du leitte etter?

Maks 255 tegn. Kun tall og bokstaver.