Må jeg registrere meg i Merverdiavgiftsregistret?

  • Skriv ut

Som næringsdrivande eller ansvarleg for ein organisasjon med omsetning over eit visst beløp, skal du som hovudregel registrere verksemda i Meirverdiavgiftsregisteret.

Det finst nokon typar varer og tenester som ikkje er mva-pliktige. Det er berre den avgiftspliktige delen av omsetninga som tel med, når vi avgjer om bedrifta eller organisasjonen må registrere seg.
Gå til registrering i Meirverdiavgiftsregistreret  

Kva for bedrifter må betale og rapportere mva?

Beløpsgrense for bedrifter: 50 000 kr

Som hovudregel må alle bedrifter som har omsett for meir enn dette dei siste 12 månadene betale, krevje inn og rapportere mva. Alle bedrifter som skal krevje inn mva på varer og tenester dei sel, må registrere seg i Meirverdiavgiftsregisteret.

Kva for organisasjonar må betale og rapportere mva?

Beløpsgrense for frivillige organisasjonar: 140 000 kr
Beløpsgrense for andre organisasjonar: 50 000 kr

Som hovudregel må alle organisasjonar som har omsett for meir enn dette dei siste 12 månadene betale, krevje inn og rapportere mva. Les meir om meirverdiavgift og organisasjonar

Verksemder som er registrerte i Meirverdiavgiftsregisteret må

  • krevje inn meirverdiavgift på vegner av staten
  • betale meirverdiavgift for varer og tenester du kjøper for verksemda i Noreg
  • rekne ut kor mykje mva du skal betale når du importerer varer for verksemda
  • rapportere til Skatteetaten kor mykje meirverdiavgift du har betalt og kravd inn
  • betale differansen mellom den meirverdiavgifta du tek inn på sala dine (utgåande meirverdiavgift) og den meirverdiavgifta du betaler for innkjøpa dine (inngåande meirverdiavgift).

Les meir om frivillig registrering i Meirverdiavgiftsregisteret for verksemder innan bygg og anlegg.

Fann du det du leitte etter?

Maks 255 tegn. Kun tall og bokstaver.