Frivillig registrering i Meirverdiavgiftsregisteret for utleige av bygg eller anlegg

  • Skriv ut

Du kan søkje om frivillig registrering i Meirverdiavgiftsregisteret når du skal leige ut bygg eller anlegg til bruk i verksemd som er registrert etter meirverdiavgiftslova. Dette gjeld òg for bygg eller anlegg som skal nyttast av offentleg verksemd som har rett til mva-kompensasjon.

Ordninga femner om oppføringskostnader og kostnader som gjeld til dømes reparasjon, vedlikehald og drift av det utleigde lokalet.

Ved frivillig registrering skal du berekne utgåande meirverdiavgift av leiga til leigetakarar som brukar arealet i den registrerte verksemda si.

Registreringa femner i utgangspunktet om all utleige av bygg eller anlegg som skal nyttast i avgiftspliktig verksemd. Du treng difor ikkje søkje om registrering for kvart einskild bygg / nye bygg. Dersom du ønskjer at enkelte bygg eller areal i bygg blir halde utanfor registreringa må du opplyse om dette i registreringssøknaden. Også einingar som i framtida oppfyller vilkåra etter ordninga blir automatisk omfatta av registreringa dersom ikkje utleigaren bestemmer at dei skal haldast utanfor ordninga og informerer skattekontoret om dette.

Sjå òg meirverdiavgiftsforskrifta paragraf 2.3.2. og om frivillig registrering i Meirverdiavgiftsregisteret for verksemder innan bygg og anlegg på Altinn.no.

Fann du det du leitte etter?

Maks 255 tegn. Kun tall og bokstaver.