Meirverdiavgift for velgjerande og allmennyttige organisasjonar

  • Skriv ut

Reglane for meirverdiavgift er i hovudsak like for bedrifter og organisasjonar. Det finst nokre unnatak som er særskilt interessante for velgjerande og allmennyttige organisasjonar.

Sjå mva-satsane for frivillige og allmennyttige organisasjonar

Ein organisasjon har plikt til å rekne ut meirverdiavgift når den

  1. driv næringsverksemd
  2. omset varer og tenester som det må reknast ut meirverdiavgift for
  3. omsetning og avgiftspliktige uttak er over 140 000 kr

Sjå òg:
Slik fungerer mva
Må eg registrere verksemda mi i Meirverdiavgiftsregisteret?

Kva må du gjere dersom du får ansvaret for meirverdiavgift i ein organisasjon?

  1. Finn ut kor mykje omsetning organisasjonen har.
  2. Kontroller kva slags type varer og tenester organisasjonen sel og om salet er meirverdiavgiftspliktig.
  3. Kontroller om organisasjonen er eller burde vere registrert i Meirverdiavgiftsregisteret.
  4. Dersom organisasjonen ikkje er registrert:
    Følg med på omsetninga og sjå om den delen som er avgiftspliktig går over beløpsgrensa på 140 000.

Organisasjonar som er registrerte i Meirverdiavgiftsregisteret skal

  1. levere mva-melding annankvar månad (ny frå 2017)
  2. ta med meirverdiavgift i årsrekneskap
  3. følgje reglane som gjeld særskilt for velgjerande og allmennyttige organisasjonar
  4. elles rapportere og rekne ut meirverdiavgift på same måte som bedrifter

Fann du det du leitte etter?

Maks 255 tegn. Kun tall og bokstaver.