Skilnaden på fritak og unnatak frå meirverdiavgift

  • Skriv ut

Somme varer og tenester må du ikkje rekne ut meirverdiavgift av. Reglane for dette er definerte i Meirverdiavgiftslova.

Les meir om satsar for meirverdiavgift

Kva er unnatak frå avgiftsplikta?

Med unnatak frå avgiftsplikta meiner vi at du ikkje skal rekne ut meirverdiavgift for ei bestemt vare eller teneste. Reglane i meirverdiavgiftslova gjeld ikkje for denne omsetninga. Unnataka for avgiftsplikt kan gjelde ei bestemt yrkesgruppe og vere knytte til særskilde føresetnader.

Dersom du berre har slik omsetning gjeld dette:

  1. Du skal ikkje registrere verksemda i Meirverdiavgiftsregisteret.
  2. Du har ikkje rett til frådrag for meirverdiavgift på varer og tenester du kjøper til verksemda.
  3. Du skal ikkje rekne ut meirverdiavgift på varene eller tenestene du sel.
  4. Omsetninga skal ikkje rapporterast i mva-meldinga.

Dersom du driv både verksemd som er unnateken frå avgiftsplikta og verksemd som ikkje er unnateken, må du rapportere, rekne ut og betale meirverdiavgift for den delen av verksemda som ikkje er unnateken.

Døme på teneste som er unnateken meirverdiavgift

Undervisning er som hovudregel unnateken frå meirverdiavgift. Du skal difor ikkje leggje til mva på fakturaen dersom du driv med undervisning.

Kva er fritak for avgiftsplikt?

Med fritak for avgiftsplikt meiner vi at du ikkje treng å rekne ut meirverdiavgift for ei bestemt vare eller teneste. Skilnaden er at omsetninga er innanfor meirverdiavgiftslova.

Dette inneber at

  1. omsetninga tel med når du vurderer om beløpsgrensa for å registrere seg i Meirverdiavgiftsregisteret er nådd
  2. du kan få frådrag for meirverdiavgift du har betalt for varer og tenester (inngåande meirverdiavgift) når du er registrert
  3. omsetninga skal skrivast i ein annan post i mva-meldinga (meirverdiavgiftsoppgåva) enn omsetning som ikkje er friteken

Fritaka kan gjelde bestemte yrkesgrupper og vere knytte til særskilde føresetnader.

Døme på fritak for meirverdiavgift

Bøker som blir selde til forbrukar er i dei fleste tilfelle fritekne for meirverdiavgift. Du skal likevel føre slik omsetning i mva-meldinga.

Fann du det du leitte etter?

Maks 255 tegn. Kun tall og bokstaver.