Tilbakebetaling av mva – meirverdiavgiftskompensasjon

  • Skriv ut

Kommunar, fylkeskommunar, interkommunale selskap, barnehagar, kyrkjeleg fellesråd, kyrkjelydar og ideelle organisasjonar kan søkje om å få refundert meirverdiavgift. Denne ordninga kallar vi meirverdiavgiftskompensasjon.

Dersom du kjem inn under ordninga kan du få tilbakebetalt meirverdiavgift for kjøp av varer og tenester frå registrerte næringsdrivande. Vara eller tenesta må vere til bruk i verksemda.

For å få tilbakebetaling, må du sende ein søknad. Denne må vise kor mykje meirverdiavgift du har betalt.

Søk når du har hatt meirverdikostnader på over 20 000 kr

Du kan ikkje søkje om kompensasjon før meirverdiavgiftskostnadene har overstige 20 000 kroner for inntektsåret.

Send søknad om meirverdiavgiftskompensasjon

Gjeld ikkje denne ordninga for deg?

Alle som er registrerte i Meirverdiavgiftsregisteret må sende mva-melding til Skatteetaten. Når du rapporterer mva blir meirverdiavgifta du betaler og meirverdiavgifta du har kravd inn motrekna.

Dersom du ikkje er registrert i Meirverdiavgiftsregisteret eller kjem inn under ordninga for meirverdiavgiftskompensasjon, kan du ikkje krevje å få tilbakebetalt mva for varer og tenester du har kjøpt inn. Utanlandske næringsdrivande kan òg søkje om tilbakebetaling av mva.

Fann du det du leitte etter?

Maks 255 tegn. Kun tall og bokstaver.