Tilbakebetaling av merverdiavgift til utenlandske næringsdrivende

  • Skriv ut

Er du utanlandsk næringsdrivande kan du ha rett til å få refundert meirverdiavgift når du kjøper varer/tenester i Noreg, dersom visse vilkår er oppfylte.

1. Vilkår for å få refundert MVA gjennom refusjonsordninga

På generelt grunnlag nemner vi desse vilkåra som må vere til stades for å kunne få mva-refusjon gjennom refusjonsordninga (sjå meirverdiavgiftslova § 10-1 (1)):

  • At du ikkje har hatt avgiftspliktig omsetning i Noreg dei siste 12 månadene (ikkje har selt varer/tenester i Noreg).
  • At varene/tenestene skal nyttast i verksemda di.
  • At omsetninga utanfor Noreg hadde ført til registreringsplikt dersom omsetninga hadde skjedd her.
  • At meirverdiavgifta hadde gitt rett til frådrag dersom verksemda di var registrert i Noreg.

Vi refunderer ikkje inngåande meirverdiavgift for varer som du kjøper inn eller innfører til Noreg og deretter omset her. Det same gjeld meirverdiavgift for varer ein innfører for å levere dei til ein kjøpar i meirverdiavgiftsområdet.

Verksemder som omset varer og tenester i Noreg har ikkje rett til refusjon av mva gjennom refusjonsordninga. Slike verksemder registrerer seg i det norske meirverdiavgiftsregisteret for å ha rett til frådrag av mva

2. Søknad om refusjon av MVA

Det er søknadsskjema RF-1032 som skal nyttast når ein søkjer om refusjon av MVA. Vi ber om de les rettleiinga på side 4 og 5 i søknadsskjemaet nøye når de fyller ut skjemaet.

Søknadsfristen for føregåande kalenderår er 30. juni. Det vil seie at søknaden må vere poststempla seinast denne datoen.

Du bør fylle ut skjemaet elektronisk før du skriv det ut, signerer og sender det til oss i original per post. Dersom du fyller ut skjemaet for hand, må du bruke blokkbokstavar. Skjemaet må fyllast ut på norsk, svensk, dansk eller engelsk. Søknader om refusjon av meirverdiavgift blir handsama etter norsk lovgiving.

Sakshandsamingstid

Normal sakshandsamingstid er seks månader.

3. Kva skal ein leggje ved søknaden

Originale fakturaer

Originale fakturaer/rekneskapsbilag og eventuelle utførselsdokument skal leggjast ved søknaden. Dersom du berre har eit elektronisk rekneskapssystem, må du oppgi dette i søknaden. I slike tilfelle kan vi godkjenne utskrifter frå rekneskapssystemet – dette gjeld berre i tilfelle der det ikkje finst eit papirarkiv. Vi returnerer originalfakturaene når søknaden er ferdig handsama.

Attest frå offentleg styresmakt i heimlandet til søkjaren

Du må sende inn ein attest som stadfestar at du i søknadsperioden har drive den typen næringsverksemd som er oppgitt i boks 3 i søknadsskjemaet. Attesten er gyldig i eitt år etter at han er utferda. Vi sender deg døme på godkjende attestar frå ulike land dersom du ber om dette. Skriv kva for land du ønskjer døme på.

Eventuelt ei fullmakt

Du må sende inn ei fullmakt i original dersom du søkjer refusjon gjennom ein fullmektig (må ikkje forvekslast med kontaktperson i verksemda.)

Attesten og fullmakta skal vere på norsk, svensk, dansk eller engelsk. Dersom dei er utferda på eit anna språk, må du leggje ved ei stadfesta omsetjing.

4. Viktig informasjon når du skal fylle ut søknaden

Søknadsperiode

Søknaden må gjelde ein periode på minst tre-3- månader, maksimalt eit kalenderår. Perioden kan vere kortare enn tre-3- månader dersom han utgjer resten av eit kalenderår. Søknadsperioden skal spegle leveringstidspunktet, ikkje fakturadatoen.

Døme på korrekte periodar kan vere kvartal, halvårleg eller eit heilt kalenderår. Som eit døme er ei messe levert når ho er halde, ikkje når ho blir fakturert. Du må altså vente til messa er gjennomført før du kan søkje oss om refusjon.

Søknadsbeløp

Beløpet ein søkjer om å få refundert må vere minst NOK 2 000. Dersom søknaden gjeld eit heilt kalenderår, eller resten av eit kalenderår, er det minste søknadsbeløpet NOK 200.

5. Avgiftsinfo

Nokre gonger i året utferdar vi ein VATinfo der vi informerer om eventuelle regelendringar, praksis og liknande som gjeld refusjon av MVA til utanlandske næringsdrivande. Nedst på sida finn du dei ulike utgåvene.

6. Søknad om refusjon av norsk MVA skal sendast til:

Postadresse:

Skatt aust – Moss, Refusjon
Postboks 103
1501 Moss

 

Vi tek ikkje imot søknader på epost.

7. Kontaktinformasjon

Besøksadresse (skal nyttast når ein sender pakkar med bud):

Skatt aust – Moss, Refusjon
Vogtsgate 17 (Statens hus)
1532 Moss

E-post:

VATrefund@skatteetaten.no

Denne e-postadressa skal berre nyttast til førespurnader som gjeld MVA-refusjon til utanlandske næringsdrivande.

Vi kan diverre ikkje svare på andre førespurnader via denne e-postadressa.

Vedlegg

Avgiftsinfo

Avgiftsinfo desember 2016 – pdf

Avgiftsinfo april 2016 – pdf

Avgiftsinfo desember 2015 – pdf

Avgiftsinfo mai 2015 – pdf

Avgiftsinfo mars 2015 – pdf

Avgiftsinfo desember 2014 – pdf

Avgiftsinfo mai 2014 – pdf

Last ned skjema:

Skjema: Refusjon mva, utanlandsk næringsdrivande

Fann du det du leitte etter?

Maks 255 tegn. Kun tall og bokstaver.