HFK og PFK

  • Skriv ut

Det er avgift på ei rekkje hydroflourkarbon (HFK) og perflourkarbon (PFK), som blir importerte eller produserte i Noreg.

HFK og PFK er grupper med moderate til kraftige klimagassar som påverkar den globale oppvarminga av jordkloten. Kor mykje kvar einskild gass påverkar den globale oppvarminga, måler ein ved hjelp av GWP-verdien til gassen.

Avgifta omfattar:

  • Import og produksjon av reine gassar i bulk og import av alle blandingar av HFK og PFK, både innbyrdes blandingar og blandingar med andre stoff
  • Import og produksjon av varer der gassane inngår som ein komponent, til dømes klima- og kjøleanlegg, klimaanlegg i køyretøy, fugeskum og drivgass i sprayboksar.

Du kan sjå kva for HFK- og PFK-gassar som er omfatta av avgifta i forskrift om særavgifter.

Avgiftssats for 2017

For å rekne ut rett avgift skal avgiftssatsen per kilo gass multipliserast med den GWP-verdien den einskilde avgiftspliktige gassen har.

Avgiftssats 0,450 kroner per kilo

Du finn GWP-verdiane til dei avgiftspliktige gassane i Skattedirektoratets kommentarer i avgiftsrundskrivet.

Fritak frå avgift på HFK og PFK

Avgiftsplikta omfattar mellom anna ikkje attvinning av HFK og PFK.

Registrere verksemda

Importerer du avgiftspliktige HFK- eller PFK-gassar, og skal nytte dette som råvarer, kan du velje å registrere verksemda som avgiftspliktig. Dersom du er registrert, betaler du avgifta når du tek varer ut frå lokala til verksemda. Dette lokalet må vere godkjent. Om varene ikkje blir lagde inn i eit godkjent lokale, må du betale avgifta ved import.

Dersom du importerer desse gassane og ikkje er registrert som avgiftspliktig, må du betale avgifta ved import.

Registrer verksemda som avgiftspliktig

Refusjonsordning for destruksjon

Dersom du destruerer HFK og PFK hjå eit godkjent mottak, blir avgifta tilbakebetalt til den som leverer inn avfallet. Tilbakebetalingssatsen er lik avgiftssatsen. Ordninga blir administrert av Miljødirektoratet.

Rapportere avgifter

Avgifta skal rapporterast digitalt. Innlogginga skjer via Altinn. Alle verksemder som er registrerte som avgiftspliktige, kan bruke løysinga.
Rapportere avgifter

Registrere verksemd som avgiftspliktig


 

Fann du det du leitte etter?

Maks 255 tegn. Kun tall og bokstaver.