Mineralske produkt

  • Skriv ut

Det er CO2-avgift på mineralolje, bensin, gass, naturgass og LPG som blir importert til Noreg eller produsert i Noreg. Det er også grunnavgift på mineralolje, og svovelavgift på mineralolje som inneheld over 0,05 % vektdel svovel.

For mineralolje/bensin til bruk i køyretøy, sjå òg vegbruksavgift på drivstoff.

Avgiftssats for 2017

Avgiftene skal reknast ut per standardliter mineralolje og bensin, og per standardkubikkmeter (Sm3) og kilogram for høvesvis naturgass og LPG.

  CO2-avgift Grunn-avgift Autodiesel/ bensinavgift Totalt
Mineralolje, umerkt, svovelfri (autodiesel) 1,20 per liter   3,80 per liter 5,00 per liter
Mineralolje, merkt, svovelfri (fyringsolje o.l.) 1,20 per liter 1,603 per liter   2,803 per liter
Bensin, svovelfri 1,04 per liter   4,99 per liter 6,23 per liter
Naturgass 0,90 per Sm3     0,90 per Sm3
LPG 1,35 per kg     1,35 per kg

Fritak frå avgiftene

Det er enkelte fritak frå avgiftsplikta. Ein skal ikkje betale CO2-avgift når ein nyttar mineralske produkt til:

  • fly i utanriksfart
  • skip i utanriksfart

Biodiesel er friteke for CO2-, svovel- og grunnavgift. Det er reduserte satsar for enkelte bruksområde, mellom anna einskilde typar industri. For svovelavgifta kan avgifta reduserast ut ifrå reinsegraden på utsleppet.

Destruksjon

Dersom du skal destruere varer, skal du sende melding om dette til Skatteetaten. Meldinga må innehalde ei fullstendig oversikt over kva varer som skal destruerast, og når og kvar dette skal skje. Melding må sendast seinast 48 timar før de planlegg å gjennomføre destruksjonen. Verksemda må vere registrert som særavgiftspliktig for å kunne få refundert avgiftene ved destruksjon.

Registrer verksemda

Har du ei verksemd som importerer mineralske produkt, kan du velje å registrere deg som avgiftspliktig. Dersom du er registrert, betaler du avgifta når du tek varer ut frå lokala til verksemda. Dette lokalet må vere godkjent. Om varene ikkje blir lagde inn i eit godkjent lokale, må du betale avgifta ved import. Dersom du importerer mineralske produkt og ikkje er registrert som avgiftspliktig, må du betale avgifta ved import.

Dei som produserer mineralske produkt må registrere seg som avgiftspliktig verksemd.

Registrer verksemda som avgiftspliktig

Rapportere avgifter

Avgifta skal rapporterast digitalt. Innlogginga skjer via Altinn. Alle verksemder som er registrerte som avgiftspliktige, kan bruke løysinga.
Rapportere avgifter

Registrere verksemd som avgiftspliktig


 

Fann du det du leitte etter?

Maks 255 tegn. Kun tall og bokstaver.