NOx-avgift

  • Skriv ut

Det er avgift på utslepp av nitrogenoksid (NOx) ved energiproduksjon frå nærare oppgitte kjelder.

Avgifta omfattar utslepp av NOx frå desse kjeldene:

  • Framdriftsmaskineri med ein samla installert motoreffekt på meir enn 750 kW
  • Motorar, kjelar og turbinar med ein samla installert innfyrt effekt på meir enn 10 MW
  • Faklar på offshoreinstallasjonar og anlegg på land

Avgifta gjeld utslepp i Noreg og på kontinentalsokkelen. For skipsfart omfattar dette utslepp frå fart innanfor norsk territorialfarvatn og innanriksfart, sjølv om delar av farten

Avgiftssats for 2017

Avgifta blir rekna ut per kilo faktisk utslepp av nitrogendioksid (NOx).

Sats 21,59 kroner per kilo

Fritak for NOx-avgift

  • Einingar som er tilslutta miljøavtalen om NOx 2011-2017. Fritaket gjeld frå tidspunktet då verksemda blir tilslutta avtalen. Les meir om miljøavtalen om NOx på NHO sine nettsider.
  • Fartøy som blir brukte til fiske og fangst i fjerne farvatn
  • Direkte utanriksfart

Registrer verksemda

Verksemder som eig NOx-avgiftspliktige anlegg, fartøy, luftfartøy eller køyretøy er registreringspliktige. Det same er operatørar for NOx-avgiftspliktige innretningar på norsk kontinentalsokkel og flyttbare innretningar som driv petroleumsverksemd.

Verksemder som berre har avgiftsfrie utslepp treng ikkje å registrere seg.

Utanlandsk verksemd (som ikkje har forretningsstad eller heimstad i Noreg) pliktar å betale avgift ved representant i Noreg, for norsk avgiftspliktig fart. Representanten er registreringspliktig, og har dei same pliktene og rettane overfor Skatteetaten som andre registrerte særavgiftspliktige verksemder.

Registrer verksemda som avgiftspliktig

Rapportere avgifter

Avgifta skal rapporterast digitalt. Innlogginga skjer via Altinn. Alle verksemder som er registrerte som avgiftspliktige, kan bruke løysinga.
Rapportere avgifter

Registrere verksemd som avgiftspliktig


 

Fann du det du leitte etter?

Maks 255 tegn. Kun tall og bokstaver.