Smørjeolje

  • Skriv ut

Det er avgift på smørkeolje som blir importert til Noreg eller produsert i Noreg.

Avgiftsplikta omfattar

  • Motor- og girsmørjeoljar
  • Industrielle smørjeoljar
  • Hydrauliske oljar

Avgiftsplikta er knytt til enkelte varenummer i tolltariffen. Avgiftsplikta omfattar ikkje prosess-, transformator- og brytaroljar.

Avgiftssats 2017

Avgifta skal reknast ut per liter smørjeolje.

Smørjeolje 2,17 kr per liter

Fritak frå avgift på smørjeolje

Omset du smørjeolje i forbrukarpakningar, med innhald mindre enn 0,15 liter, treng du ikkje å betale avgift.

Refusjon for spillolje

Spillolje skal leverast til ein godkjend mottakar, som leverer den vidare til ein godkjend innsamlar. Innsamlaren får refundert avgifta for smørjeolje som eit tilskot per liter smørjeolje. Miljødirektoratet forvaltar ordninga.

Destruksjon

Hvis du skal destruere eller tilintetgjøre varer, skal du sende melding om dette til Skatteetaten. Meldingen må inneholde en fullstendig oversikt over hvilke varer som skal tilintetgjøres, og når og hvor tilintetgjøring skal finne sted. Melding må sendes senest 48 timer før tilintetgjøring er planlagt gjennomført. virksomheter må være registrert som særavgiftspliktig for å kunne få refundert avgiftene ved destruksjon.

Registrer verksemda

Har du ei verksemd som importerer smørjeolje, kan du velje å registrere deg som avgiftspliktig. Dersom du er registrert, betaler du avgifta når du tek varer ut frå lokala til verksemda. Dette lokalet må vere godkjent. Om varene ikkje blir lagde inn i eit godkjent lokale, må du betale avgifta ved import. Dersom du importerer smørjeolje og ikkje er registrert som avgiftspliktig, må du betale avgifta ved import.

Produsentar av smørjeolje må registrere seg som avgiftspliktig verksemd.

Registrer verksemda som avgiftspliktig

Rapportere avgifter

Avgifta skal rapporterast digitalt. Innlogginga skjer via Altinn. Alle verksemder som er registrerte som avgiftspliktige, kan bruke løysinga.
Rapportere avgifter

Registrere verksemd som avgiftspliktig


 

Fann du det du leitte etter?

Maks 255 tegn. Kun tall og bokstaver.