TRI og PER

  • Skriv ut

TRI og PER er helse- og miljøskadelege kjemikaliar som det er tungt å bryte ned i miljøet.

Avgifta omfattar

Det er avgift på trikloreten (TRI) og tetrakloreten (PER), som blir importert til Noreg eller produsert i Noreg. Det er òg avgift på attvunne TRI og PER, og på TRI og PER som inngår som komponentar i andre varer.

Avgiftssats for 2017

Det skal berre betalast avgift dersom delen TRI er over 1 vektprosent av den samla vekta til produktet eller delen PER er over 0,1 vektprosent av den samla vekta til produktet. Avgifta blir rekna ut på grunnlag av nettovekta til produktet og delen TRI og PER i produktet. 

Vektprosent

TRI

PER

over 0,1 til og med 1

 

0,71 kroner per kg

over 1 til og med 5

3,56 kroner per kg

3,56 kroner per kg

over 5 til og med 10

7,12 kroner per kg

7,12 kroner per kg

over til og med 30

21,35 kroner per kg

21,35 kroner per kg

over til og med 60             

42,69 kroner per kg

42,69 kroner per kg

over til og med 100

71,15 kroner per kg    

71,15 kroner per kg

 

Fritak frå avgift på TRI og PER

Avgiftsplikta omfattar mellom anna ikkje attvinning til eige bruk.

Registrere verksemda

Har du ei verksemd som vinn att TRI og PER for vidaresal, må du registrere verksemda som avgiftspliktig.

Importerer du TRI og PER, og skal nytte dette som råvarer, kan du velje å registrere verksemda som avgiftspliktig. Dersom du er registrert, betaler du avgifta når du tek varer ut frå lokala til verksemda. Dette lokalet må vere godkjent. Om varene ikkje blir lagde inn i eit godkjent lokale, må du betale avgifta ved import.

Dersom du importerer TRI og PER og ikkje er registrert som avgiftspliktig, må du betale avgifta ved import.

Registrer verksemda som avgiftspliktig

 

Rapportere avgifter

Avgifta skal rapporterast digitalt. Innlogginga skjer via Altinn. Alle verksemder som er registrerte som avgiftspliktige, kan bruke løysinga.
Rapportere avgifter

Registrere verksemd som avgiftspliktig


 

Fann du det du leitte etter?

Maks 255 tegn. Kun tall og bokstaver.