Betale og rapportere

  • Skriv ut

Registrerte særavgiftspliktige verksemder kan rapportere særavgifter elektronisk.

Rapportere og registrere

Registrerte særavgiftspliktige verksemder kan rapportere særavgifter elektronisk.

Verksemda må vere registrert som særavgiftspliktig før du kan rapportere særavgiftene elektronisk. Registrer verksemda som særavgiftspliktig

Betale

Når du har sendt inn ei avgiftsoppgåve, får du ei kvittering med eit KID-nummer som du skal nytte når du betaler.

Destruksjon

Dersom du skal destruere varer, skal du sende melding om dette til Skatteetaten. Meldinga må innehalde ei fullstendig oversikt over kva for varer som skal destruerast, og når og kvar dette skal skje. Melding må sendast seinast 48 timar før de planlegg å gjennomføre destruksjonen. Verksemda må vere registrert som særavgiftspliktig for å kunne få refundert avgiftene ved destruksjon.

Refusjon

Det finst ei rekkje fritaksordningar for særavgifter. Ein del av desse fritaka blir gjennomført på den måten at du betaler avgifta først og ber om refusjon i etterkant.

Søk om refusjon av avgifter

I einskilde tilfelle må du leggje ved ein blankett for særavgifter eller eigenerklæring om avgiftsfritt kjøp. Det er forskjellig praksis for dei ulike særavgiftene. Dette finn du meir informasjon om i rundskriva.

Fann du det du leitte etter?

Maks 255 tegn. Kun tall og bokstaver.