Dispensasjon frå særavgifter

  • Skriv ut

Hovudregelen er at du ikkje får dispensasjon frå særavgifter.

Du kan likevel få dispensasjon dersom:

  • det oppstår einskildtilfelle eller situasjonar som ikkje var vurderte då Stortinget vedtok avgifta, og
  • avgifta får ein utilsikta verknad

Det er Skatteetaten som vurderer om du kan få dispensasjon. Vi tek ikkje omsyn til økonomiske, sosiale, helsemessige eller næringspolitiske forhold i vurderinga. 

Du må søkje Skatteetaten om dispensasjon dersom du meiner vilkåra er oppfylte.

Fann du det du leitte etter?

Maks 255 tegn. Kun tall og bokstaver.