Registrere som særavgiftspliktig

  • Skriv ut

Skal du søkje om registrering som avgiftspliktig, må du sende inn søknaden seinast ein månad før produksjonen eller innførselen startar.

Slik søkjer du

Du må sende inn søknad om å bli registrert som avgiftspliktig seinast ein månad før produksjonen eller innførselen startar.

Har du endringar eller ønskjer å avregistrere deg som oppgåve- eller særavgiftspliktig melder du òg frå i det same skjemaet.

Søknaden må innehalde desse opplysningane:

  • produksjons- og lagerlokala (teikningar) og kvar lokala ligg
  • kva slags varer du skal produsere eller lagre
  • når produksjonen eller lagringa skal begynne
  • varebehaldning
  • budsjettert og noverande omsetning
  • storleiken på importen og mottaket av avgiftspliktige varer
  • rekneskapsrutinar og lagerhald
  • kven som skal utføre den løpande innbetalinga av avgifta
  • eit eventuelt tollkredittnummer
  • organisasjonsnummer
  • gate- og postadresse
  • ei eventuell bevilling, konsesjon eller fråsegner om vandel.

Fann du det du leitte etter?

Maks 255 tegn. Kun tall og bokstaver.