Teknisk etanol og etanolhaldige preparat

  • Skriv ut

Det er avgift på teknisk etanol og etanolhaldige preparat.

Med teknisk etanol meiner ein rein etanol eller etanolhaldig vare som:

  • har ein alkoholstyrke over 0,7 volumprosent
  • det ikkje er tenkt at skal drikkast
  • fell inn under posisjon 22.03 til 22.08 i tolltariffen

Med etanolhaldige preparat meiner ein etanolhaldig vare som:

  • har ein alkoholstyrke over 2,5 volumprosent
  • ikkje fell inn under desse posisjonane i tolltariffen: 22.03 til 22.08, 30.03 til 30.06, 17.04, 18.06, 20.08.

Øl og vin kan omfattast av regelverket for teknisk etanol dersom dei blir brukt til eit teknisk føremål, det vil seie at det ikkje er meint for å drikkast. Det er kva det skal brukast til og ikkje korleis det er produsert som avgjer om eit produkt blir rekna som teknisk etanol eller alkoholhaldig drikke. 

Avgiftssats for 2017

Avgifta er i utgangspunktet som for alkoholhaldig drikke.

Brennevinsbaserte drikkevarer over 0,7 volumprosent 7,46 kr per volumprosent og liter
Alkoholhaldig drikke over 0,7 t.o.m. 2,7 volumprosent 3,34 kr per liter
Alkoholhaldig drikke over 2,7 t.o.m. 3,7 volumprosent 12,54 kr per liter
Alkoholhaldig drikke over 3,7 t.o.m. 4,7 volumprosent 21,72 kr per liter
Alkoholhaldig drikke over 4,7 t.o.m. 22 volumprosent 4,86 kr per volumprosent og liter

Fritak frå alkoholavgifta

Det er fritak for alkoholavgifta for alkohol som skal nyttast til teknisk, vitskapleg eller medisinsk bruk. Ein må gjere alkoholen utenleg for drikke eller på annan måte kunne garantere at den ikkje blir brukt til drikke.

Destruksjon

Dersom du skal destruere varer, skal du sende melding om dette til Skatteetaten. Meldinga må innehalde ei fullstendig oversikt over kva varer som skal destruerast, og når og kvar dette skal skje. Melding må sendast seinast 48 timar før de planlegg å gjennomføre destruksjonen. Verksemda må vere registrert som særavgiftspliktig for å kunne få refundert avgiftene ved destruksjon.

Registrer verksemda

Verksemder som importerer eller produserer teknisk etanol, må registrere seg som avgiftspliktig verksemd. Du betaler avgifta når du tek varer ut frå lokala til verksemda. Dette lokalet må vere godkjent.

Registrer verksemda som avgiftspliktig

Rapportere avgifter

Avgifta skal rapporterast digitalt. Innlogginga skjer via Altinn. Alle verksemder som er registrerte som avgiftspliktige, kan bruke løysinga.
Rapportere avgifter

Registrere verksemd som avgiftspliktig


 

Fann du det du leitte etter?

Maks 255 tegn. Kun tall og bokstaver.