Tobakksavgifta

  • Skriv ut

Det er avgift på alle tobakksvarer som blir innførte til Noreg eller produserte i Nore.

Avgifta omfattar:

  • sigarar
  • sigarettar
  • røykjetobakk, karva skråtobakk, råtobakk i forbrukarpakning
  • skråtobakk
  • snus
  • sigarettpapir og sigaretthylser

Det kan òg vere avgift på varer som er erstatning for avgiftspliktige tobakksvarer, til dømes urtesigarettar. Det er avgift på tobakksvarer ein deler ut gratis til tilsette i tobakksindustrien.

Det er ikkje avgift på snus som ikkje inneheld tobakk og nikotin. Det er forbode å produsere, innføre, omsetje eller overlate til andre, nye former for tobakks- og nikotinhaldige produkt. Dette gjeld til dømes vasspipetobakk, elektroniske røykjeprodukt og e-sigarettar. Det same gjeld dersom tobakksvarepakningen ikkje er merkt i samsvar med forskrift om innhald i og merking av tobakksvarer.

Avgiftssats for 2017

Sigarettar 2,55 kr per stk.
Sigarar og røykjetobakk 2,55 kr per gram av nettovekta til pakningen
Skråtobakk og snus 1,03 kr per gram av nettovekta til pakningen
Sigarettpapir og sigaretthylser 0,0390 kr per stk.

Fritak frå tobakksavgifta

Tobakksvarer som blir innført som reisegods er fritekne for avgift og merkeplikt på nærare bestemte vilkår. Les meir om tollfri tobakkskvote hjå Tolletaten.

Destruksjon

Dersom du skal destruere varer, skal du sende melding om dette til Skatteetaten. Meldinga må innehalde ei fullstendig oversikt over kva varer som skal destruerast, og når og kvar dette skal skje. Melding må sendast seinast 48 timar før de planlegg å gjennomføre destruksjonen. Verksemda må vere registrert som særavgiftspliktig for å kunne få refundert avgiftene ved destruksjon.

Registrer verksemda

Har du ei verksemd som importerer tobakksvarer, kan du velje å registrere deg som avgiftspliktig. Dersom du er registrert, betaler du avgifta når du tek varer ut frå lokala til verksemda. Dette lokalet må vere godkjent. Om varene ikkje blir lagde inn i eit godkjent lokale, må du betale avgifta ved import. Dersom du importerer tobakksvarer som ikkje er registrert som avgiftspliktige, må du betale avgifta ved import.

Verksemder som produserer tobakksvarer, må registrere seg som avgiftspliktig verksemd.

Registrer verksemda som avgiftspliktig

Rapportere avgifter

Avgifta skal rapporterast digitalt. Innlogginga skjer via Altinn. Alle verksemder som er registrerte som avgiftspliktige, kan bruke løysinga.
Rapportere avgifter

Registrere verksemd som avgiftspliktig


 

Fann du det du leitte etter?

Maks 255 tegn. Kun tall og bokstaver.