Forskotsskatt – upersonlege skattytarar

  • Skriv ut

Upersonlege skattytarar som aksjeselskap, verdipapirfond og bankar skal betale forskotsskatt. Forskotsskatten skal betalast til skatteoppkrevjaren i kontorkommunen.

  • •Forskotsskatten forfell til betaling i to like terminar. 15. februar og 15. april i året etter inntektsåret.

    •Kvar termin av forskotsskatten blir som hovudregel sett lik halvparten av den sist fastsette skatten, eventuelt auka eller redusert med den prosentsatsen som Finansdepartementet har fastsett.

    •Det blir ikkje skrive ut forskotsskatt når den fastsette skatten er venta å bli under kr 2 000.

    •Upersonlege skattytarar tek imot forskotsskattesetelen i januar. Frå 2016 blir forskotsskattesetelen (gjeld forskotsskatt for 2015) berre sendt elektronisk. Varsel om forskotsskattesetel blir sendt på e-post til adressa som er registrert under kontaktinformasjonen til selskapet i Altinn. Forskotsskatten skal betalast til skatteoppkrevjaren i kontorkommunen. Søknad om endring av forskotsskatten kan sendast via Altinn. Søknad om endring av eller krav om forskotsskatt – upersonleg skattytar (RF-1097)

    •Skattekontoret kan fråfalle forskotsskatten når det er høgst sannsynleg at det ikkje blir fastsett skatt for det aktuelle inntektsåret. Dersom det er høgst sannsynleg at det kjem til å oppstå eit større avvik mellom utskriven forskotsskatt og fastsett skatt, kan skattekontoret endre utskrivinga.

    •Krav om reduksjon eller fråfall av forskotsskatt må setjast fram i god tid før den siste terminen forfell.

    •Ein søkjer om endring via søknadsskjema.

     

    Søknadsskjemaet blir handsama på skattekontoret. Skatteoppkrevjaren sender ut informasjon om betaling av ny/endra forskotsskatt.

     

    Dersom du ønskjer å sjå om søknaden du sende inn er handsama, må du opne eit nytt søknadsskjema. Der er den nye forskotsskatten oppført. Det kan ta om lag to veker før søknadsskjemaet i Altinn er oppdatert.

     

    Restskatt

    •Når fastsettinga er gjennomført, blir ein eventuell restskatt fastsett til differansen mellom fastsett skatt og utskriven forskotsskatt.

    •På restskatten legg ein til renter som er fastsett av departementet (rentetillegg).

    •Rentebeløpet forfell til betaling saman med restskatten.

    •Ein kan unngå rentetillegg ved å betale høgare forskotsskatt enn det beløpet som er utskrive (tilleggsforskot).

    •Dette må betalast innan 31. mai året etter inntektsåret og skal ikkje meldast til skattekontoret.

Lag KID-nummer

Fann du det du leitte etter?

Maks 255 tegn. Kun tall og bokstaver.