Søknad om endra forskotsskatt for selskap send 10., 11. og 12. januar

  • Skriv ut

Søknader om endra forskotsskatt (RF1097) levert 10., 11., og 12. januar er diverre ved ein feil ikkje blitt registrerte hjå oss til rett tid. Søknadene er no identifiserte og blir handsama fortløpande. Skatteoppkrevjaren får i løpet av kort tid informasjon om det nye beløpet.

Du har allereie fått tilsendt faktura på opphavleg utskriven forskotsskatt.
Ettersom endringa blir registrert mindre enn tre veker før forfall rekk vi ikkje å produsere og sende ut nye fakturaer før forfall. Det vil seie at du må endre beløpet når du betaler. 

For å sjå om søknaden er ferdig handsama kan du opne ein ny versjon av skjemaet RF-1097 i Altinn. 

Dersom feltet "Sist utskrivne forskotsskatt" har blitt oppdatert er søknaden handsama. Feltet blir oppdatert kvar laurdag morgon. Første oppdatering blir laurdag 18. februar.

Ettersom dette er etter forfallet 15. februar, utset skatteoppkrevjaren naturlegvis purring og renteberekning på det første forfallet med éi veke for deg dette vedkjem.

Vi ber om orsaking for dei ulempene dette har ført med seg.

Fann du det du leitte etter?

Maks 255 tegn. Kun tall og bokstaver.