Forskotsskatt for ansvarleg selskap (ANS)

  • Skriv ut

Som deltakar i ansvarleg selskap er det du som skal betale forskotsskatten, ikkje det ansvarlege selskapet.

Det blir berre produsert eitt skatteoppgjer for inntekter frå det ansvarlege selskapet og dei andre inntektene dine. Du må då få fastsett forskotsskatt i tillegg til eit eventuelt ordinært skattetrekk i lønna di.

Forskotsskatten blir fastsett på grunnlag av overskot i næringa.

  • Du må bruke skjemaet RF-1102 for å søkje om endring av forskotsskatt.
  • Både inntekt frå næringa og personlege inntekter/frådrag skal takast med.
  • Budsjettert underskot i næring blir ikkje teke med på skattekortet. Det endelege underskotet skal takast med i sjølvmeldinga.

Innbetalinga skjer 4 gonger per år: 15. mars, 15. mai, 15. september og 15. november.

Lag KID-nummer

Fann du det du leitte etter?

Maks 255 tegn. Kun tall og bokstaver.