Lån til dagleg leiar

  • Skriv ut

Dagleg leiar kan låne pengar frå verksemda. For at eit slikt lån skal vere lovleg, må visse formelle forhold vere på plass.

Det må utarbeidast ein skriftleg låneavtale. Lånet skal handsamast som anna gjeld i verksemda sin balanse. Ein må rekne ut og betale marknadsrente. Det er vidare ein føresetnad at dagleg leiar kan betene det lånet som verksemda yter.

Dersom desse vilkåra ikkje er oppfylte, kan skattestyresmaktene omklassifisere (endre) utbetalinga frå lån til lønn, og skattleggje det deretter. Då må ein i tilfelle berekne og betale arbeidsgivaravgift av beløpet.

Når det gjeld lån til aksjonær som utbytte, sjå døme på utfylling av skjema for aksjonærlån. Eller les meir om lån i aksjeselskap.

Skatte ABC kan du lese meir under temaet Lån til aksjonær/deltaker.

Fann du det du leitte etter?

Maks 255 tegn. Kun tall og bokstaver.