Lån til personleg aksjonær

  • Skriv ut

Lån (kreditt og/eller sikring) frå aksjeselskap o.a. til personleg aksjonær og deira nærståande skal f.o.m. 7. oktober 2015 skattleggjast som utbytte for mottakaren etter aksjonærmodellen.

Den delen av lånet, eventuelt saman med ordinært utbytte som overstig skjermingsfrådraget, skal oppjusterast med 1,15 for inntektsåret 2016 og skattleggjast som alminneleg inntekt. Oppjusteringa skjer når ein bereknar skatten.

Nedbetaling av lån som tidlegare er skattlagt som utbytte, skal handsamast som innskot av ny kapital på aksjonæren si hand.

Sjå døme på korleis lån til aksjonærar skal fyllast ut og rapporterast i aksjonærregisteroppgåva.

Døme

Lån som blir skattlagde som utbytte skal gongast (oppjusterast) med ein faktor på 1,15 før skattlegging.

I praksis tyder dette at den effektive skattesatsen er 28,75 prosent.

Døme 1:

Du tek imot kr 100 000 i utbytte. Beløpet skal gongast med 1,15 før skattlegging av 25 prosent.

100 000 x 1,15 = 115 000

115 000 x 0,25 = 28 750

Skatten på utbyttet ditt av 100 000 kroner blir i dette dømet kr 28 750.

Dømet viser berre oppjustering og tek ikkje omsyn til eit eventuelt skjermingsfrådrag.

Skattepliktig utbytte blir automatisk oppjustert i skatteetaten sine system, og dette ser du på skattemeldinga.

Fann du det du leitte etter?

Maks 255 tegn. Kun tall og bokstaver.