Uttak av eigedelar eller tenester

  • Skriv ut

Skatteplikt kan oppstå for selskapet når ein eigedel eller ei teneste blir teken ut til eige bruk, overført som gåve eller utdelt som utbytte.

Skattlegging av uttak kan vere aktuelt i dei tilfella der selskapet skaffar seg eigedelar som hovudsakleg blir nytta privat av aksjonæren eller denne sine nærståande, og det ikkje blir ytt fullt vederlag.

Ønskjer du meir informasjon, kan du sjå Skatte-ABC, Uttak av formuesobjekt og/eller tenester.

Selskapet må føre uttaket i skattemeldinga si og rapportere utbytte på aksjonæren i aksjonærregisteroppgåva.

Fann du det du leitte etter?

Maks 255 tegn. Kun tall og bokstaver.