Revisjon

  • Skriv ut

Mindre aksjeselskap kan velje vekk revisjon.

For å blir unnateke frå revisjonsplikta, må aksjeselskapet oppfylle desse tre vilkåra:

  • Selskapet må ha under 5 millionar i driftsinntekter
  • Selskapet må ha under 20 millionar i balanse
  • Dei tilsette i selskapet må til saman ikkje utføre meir enn 10 årsverk

Fullmakt til styret

Aksjeselskap som ønskjer å nytte høvet til å velje vekk revisjon, må på generalforsamlinga syte for at styret får fullmakt til å vedta at årsrekneskapen ikkje skal reviderast. Selskapet må gi melding til Føretaksregisteret når styret har vedteke å velje vekk revisjon.

NUF med avgrensa ansvar blir likestilt

Norske aksjeselskap og NUF (Norsk avdeling av utanlandsk føretak) med avgrensa ansvar er likestilte når det gjeld krav til revisjon. Dersom årsrekneskapen til skattytaren er fastsett i strid med rekneskaps- eller bokføringslova, eller god rekneskaps- eller bokføringsskikk, kan skattestyresmaktene påleggje at ein eller fleire årsrekneskapar blir reviderte av ein registrert eller statsautorisert revisor.

Fann du det du leitte etter?

Maks 255 tegn. Kun tall og bokstaver.