Ajourhald

I ettertid kan det ofte vere vanskeleg å hugse kva som blei gjort eller avtalt. Du sparar deg for mykje etterarbeid dersom du er àjour med rekneskapen og kontorarbeidet. Dessutan stiller bokføringslova konkrete krav til ajourhald.

  • Sørg for å setje av tid til det daglege kontorarbeidet. Det kan vere føremålstenleg å registrere avtalar og timeregistreringar fortløpande gjennom arbeidsdagen. Kontantomsetninga skal registrerast fortløpande.
  • Avtal med rekneskapsføraren kor ofte rekneskapane skal ajourførast og når du skal levere bilag. Rekneskapen skal vanlegvis ajourførast minst annankvar månad.