Fakturer sala dine raskt og rett

Dersom du leverer varer eller tenester på kreditt, er det viktig å skrive ut faktura så snart som råd etter levering. Erfaring viser at dårlege faktureringsrutinar har ført til at somme gløymer å fakturere leveransar. I andre tilfelle har vi sett at fakturaer har vore mangelfullt utfylte, og slik gjeve skattestyresmaktene grunnlag for å auke inntekta skjønnsmessig.

Skriv ut salsdokument (faktura) snarast råd etter at vara/tenesta er levert. Hovudregelen er at salsdokument skal utferdast seinast ein månad etter levering. Det beste er om salsdokumentet blir skrive ut same dag som leveringa skjer.