Ha oversikt over bilaga dine

Bilaga er grunnlaget for og dokumentasjonen på rekneskapsføringa. Det er viktig at du tek vare på alle bilaga slik at alle transaksjonar blir bokførte og dokumenterte.

Rekneskapsføraren oppdagar ofte at bilag manglar, men ikkje kva for nokre. Det kan vere både tidkrevjande og vanskeleg for deg å skulle skaffe til vegar bilaga i ettertid. Dette kan føre til at du risikerer å misse retten til frådrag i inntekta eller meirverdiavgifta.
Sørg difor for å ha oversikt over alle bilaga dine.

  • Ha ein perm for bilag og set bilaga inn i permen med ein gong du får dei
  • Avtal med rekneskapsføraren korleis bilaga skal sorterast

Ein vanleg måte å sortere bilag på er denne:

Bilagstype Sorteringsrekkjefølgje
Utgåande fakturaer/inntektsdokumentasjon (sal) Numerisk
Inngåande fakturaer (kjøp) Datoorden/alfabetisk
Kassebilag Datoorden
Bank Datoorden
Diverse bilag Datoorden


Har du mange bankbilag, bør du skilje mellom inn- og utbetalingar. Dersom du brukar fleire bankkonti i verksemda, bør du sortere dei kvar for seg.