Handsam utgiftsbilaga dine som verdipapir

For at du skal kunne trekkje frå kostnader på likninga og få frådrag for inngåande meirverdiavgift, må du leggje fram dokumentasjon. Kjøpsdokumentasjonen er difor eit verdipapir. Ein faktura på 12 500 kroner kan gje rett til eit frådrag på 2 500 kroner i meirverdiavgift og minst 2 500 kroner i skatt. Til saman vil denne fakturaen vere verdt over
5 000 kroner, og den bør handsamast deretter.

Fullstendige utgiftsbilag
Som kjøpar har du krav på å få eit korrekt utfylt utgiftsbilag. Denne dokumentasjonen er òg seljaren sin salsdokumentasjon, og namnet på kjøparen må vere med. Ved kontantkjøp frå detaljist er det ikkje nødvendig at seljaren gjev opp kven kjøparen er dersom kjøpesummen er lågare enn 1 000 kroner inkludert meirverdiavgift, og vara eller tenesta ikkje er meint for vidaresal eller som ein direkte innsatsfaktor i produksjon eller tenesteleveranse. Dersom namnet på kjøparen ikkje er gjeve opp på bilaget, må kjøparen føre på føremålet for vara eller tenesta, og dokumentasjonen skal daterast og signerast. Dersom ein tilsett i verksemda har lagt ut for eit kjøp, gjeld ikkje beløpsgrensa på 1 000 kroner. I slike tilfelle må den tilsette dokumentere kjøpet og forklare føremålet. Dokumentasjonen må daterast og signerast.