Ikkje bland næringsverksemda sin økonomi og din private økonomi

Det kan vere både kostbart og tidkrevjande å rydde opp i ein økonomi der verksemda sin økonomi og privatøkonomien er blanda saman. Eit systematisk skilje er viktig i det daglege arbeidet.

Eigen konto for verksemda
Opprett ein eigen bankkonto for næringsverksemda. Betal alle utgifter i næringa med midlar frå næringsverksemda. Ikkje bruk din private konto.

Privatuttak 1-2 gonger i månaden
Ta ut pengar frå verksemda til privat bruk i større beløp ein eller to gonger i månaden. Lag eit skriftleg notat om korleis dette skal gjerast. Dersom verksemda er organisert som aksjeselskap, skal du ta ut pengar som løn. Dette bør skje på grunnlag av ein skriftleg arbeidsavtale.

Lag bilag
Sørg for å lage bilag på eigne uttak og innskot i næringsverksemda. Slike interne bilag skal innehalde dei same minimumsopplysningane som annan dokumentasjon, til dømes skal dei spesifisere partane, beløp, mengd og datoar.