Korleis bør du organisere kontorrutinane dine?

Nedanfor kan du krysse av for kva for oppgåver og tips som er aktuelle for deg. Ta gjerne kontakt med ein rekneskapsførar eller revisor for å diskutere kontorrutinane dine vidare.

Du kan òg ta kontakt med Skatteetaten, Norges Autoriserte Regnskapsførere eller Økonomiforbundet.

Set kryss ved dei arbeidsoppgåvene/tipsa du trur er aktuelle for deg Lovpålagt* Når utføres
Opprett ein eigen bankkonto for verksemda Ved oppstart
Legg alle bilag inn i ein perm, sorterte Fortløpande
Ta ut pengar til privat bruk i større beløp 1-2 gonger i månaden
Betaling av rekningar Kvar veke
Oppfølging av kundar som ikkje har betalt Kvar veke
Skrive ut fakturaer x Kvar dag/veke
Sørgje for at utgiftsbilaget er fullstendig utfylt x Fortløpande
Lag bilag på eigne uttak/innskot i verksemda x Fortløpande
Opprett to kontantkasser, ei "omsetningskasse" og ei "fastkasse" Ved oppstart
Bruk kassaapparatet til å registrere kontantomsetninga x Fortløpande
Tel opp kontantar i kassa/kassene x Dagleg
Avstem kontantbehaldninga mot omsetning i følgje kassaapparatet x Dagleg
Registrer alle kontante inn- og utbetalingar i eit system x Dagleg
Set kontantomsetning i banken Dagleg
Registrer vareuttak og/eller omsetning til eigarar/deltakarar x Fortløpande
Registrer timebestillingar x Fortløpande
Registrer mottekne oppdrag Fortløpande
Registrer timar ved utføring av oppdrag x Fortløpande
Registrer avtalar og bestillingar Fortløpande
Merk bilag med kva for prosjekt dei høyrer til x Fortløpande
Tel varelageret og set opp vareteljingslister x Årleg

* Ein del av lovkrava gjeld ikkje for alle verksemder eller i alle samanhengar. Dette kan du avklare med rekneskapsføraren/revisoren eller Skatteetaten. Du kan òg slå opp i bokføringslova og bokføringsforskrifta.