Krav til salsdokumentet

Eit salsdokument skal vere førehandsnummerert og innehalde desse opplysningane:

  • Dato for utferding
  • Identifisering av partane (seljar og kjøpar)
  • Arten og omfanget til ytinga
  • Tid og stad for levering av ytinga
  • Pris og betalingsforfall
  • Eventuell meirverdiavgift og andre avgifter knytte til transaksjonen som lov eller forskrift krev spesifisering av. Meirverdiavgifta skal gjevast opp i norske kroner.
  • Organisasjonsnummeret ditt. Dersom du er registrert i Meirverdiavgiftsmanntalet, skal du føre på bokstavane MVA etter organisasjonsnummeret.
  • Dersom det er nødvendig å rette eit salsdokument etter at det er sendt, skal du skrive ut ein kreditfaktura.
  • Feil utfylte salsdokument skal takast vare på, men merkast som makulerte slik at nummerserien for salsdokumenta er intakt og ein ser kva for salsdokument som ikkje skal rekneskapsførast.

Salsdokumentet skal minst innehalde namnet og adressa eller organisasjonsnummeret til kjøparen, og namnet og organisasjonsnummeret til seljaren. Ved kontantsal frå detaljist treng ikkje seljaren å gje opp kven kjøparen er. Dette gjeld ikkje når kjøparen er bokføringspliktig og vara eller tenesta er meint for vidaresal eller som ein direkte innsatsfaktor i produksjon eller tenesteleveranse. Ved kontant betaling av beløp på 40 000 kroner eller meir inkludert meirverdiavgift, må ein òg gje opp namnet på kjøparen.

Dersom seljaren er registrert i Meirverdiavgiftsmanntalet, skal det stå MVA etter organisasjonsnummeret.