Kvifor kontorarbeid og rekneskapsføring er viktig

Denne brosjyren tek sikte på å gje deg tips og råd om korleis du kan innrette kontorarbeidet, rekneskapsføringa og administrasjonen av verksemda di. Det er viktig at du har gode rutinar og bruker den tida som trengst på kontorarbeidet. Dersom du har eit ryddig kontorhald, kan du ta betre hand om kundane dine, og du vil sannsynlegvis bruke mindre tid på kontorarbeid.
Brosjyren inneheld òg ein del tips og råd om kva for oppgåver som vanlegvis må gjerast.

Bakarst i brosjyren har vi laga eit skjema der du kan krysse av arbeidsoppgåver og rutinar som er aktuelle for verksemda di. Du kan òg ta med deg skjemaet til rekneskapsføraren eller revisoren din og be dei om råd. Dei vil kunne hjelpe deg med å skreddarsy fornuftige løysingar for nett di verksemd.

Skjemaet kan òg brukast som ei hugseliste for rutinar du bør etablere og arbeidsoppgåver som må gjerast.