Ordliste

Bokføring
Bokføring kan ein definere som oppdatering av kontospesifikasjonar (hovudbok) og av kunde- og/eller leverandørspesifikasjonar (reskontro). Dette tyder i praksis at bokføring representerer ei debet-/kreditpostering.

Dokumentasjon
I bokføringslova er dokumentasjon forstått slik:

  • Dokumentasjon av bokførte opplysningar. Det kan dreie seg om bilag, fakturaer, pakksetlar, avtalar eller elektroniske dokument.
  • Dokumentasjon av rekneskapssystemet. Det skal finnast ei oversikt over korleis rekneskapssystemet er bygd opp og fungerer.
  • Dokumentasjon av balansen. Det skal finnast dokumentasjon per årsavslutning som dokumenterer at balansepostane er rette.

Kontering av bilag
Avgjere kva for kontokodar i rekneskapen kvart kjøp og sal skal registrerast med, og føre dette på dokumentasjonen.

Periodisering
Avgjere kva for ein periode kjøp og sal skal registrerast på. Ei vare du sel og leverer før nyttår i år, men fakturerer etter nyttår, skal takast med i rekneskapen for i år. Periodisering etter reglane for avgift kan vere ulik periodisering etter reglane for skatt og rekneskap (spør rådgjevaren din).

Autorisert rekneskapsførar
Rekneskapsførarar som tek på seg å føre rekneskap for andre, skal vere autoriserte av Kredittilsynet.