Rekneskaps- og revisjonsplikt

Alle som skal levere næringsoppgåve etter likningslova eller omsetningsoppgåve etter meirverdiavgiftslova har bokføringsplikt etter bokføringslova. Ein del verksemder har dessutan plikt til å utarbeide ein årsrekneskap basert på reglane i rekneskapslova. Dette gjeld mellom anna:

  • Alle aksjeselskap og allmennaksjeselskap
  • Ansvarlege selskap og kommandittselskap, med unntak for dei som har mindre enn fem millionar i salsinntekt og færre enn fem tilsette. Det er eit krav at det ikkje må vere fleire enn fem deltakarar.
  • Enkeltpersonføretak som har eigedelar med ein samla verdi på meir enn 20 millionar kroner eller fleire enn 20 tilsette

Verksemder som har plikt til å setje opp årsrekneskap har òg plikt til å ha revisor. Det er likevel gjeve unntak for selskap og enkeltpersonføretak med driftsinntekter på under fem millionar og færre enn fem deltakarar. AS kan fravelge revisjon dersom driftsinntektene er  mindre enn 5 millioner kroner,  balansen ikke overstiger 20 mill kroner og antall årsverk ikke overstiger 10.