Treng du ein rekneskapsførar? – Test deg sjølv

Dette er nokre vanlege oppgåver i samband med rekneskapsføring. Kryss av for dei oppgåvene du veit sikkert at du kan utføre sjølv.

Påføre kontokode på bilag _________
Avgjere korleis kjøp skal handsamast i samband med meirverdiavgift _________
Avgjere om ei avgiftsgodtgjersle er opplysingspliktig, trekkpliktig og arbeidsgjevaravgiftspliktig _________
Avgjere om større innkjøp av maskiner og inventar skal aktiverast eller kostnadsførast _________
Bokføre rekneskapsopplysningane _________
Utarbeide ein periodisert resultatrekneskap og balanse med jamne mellomrom _________
Spesifisere kjøp/sal på motpart _________
Avstemme konto for bank, kasse og offentlege utgifter _________
Avstemme opne postar i kunde- og leverandørspesifikasjonen _________
Utarbeide lovpålagde dokument som skal sendast inn til Skatteetaten og Brønnøysundregistra _________


0–9 kryss:
Dersom du ikkje allereie har ein autorisert rekneskapsførar, rår vi deg til å vurdere å skaffe ein til heile eller delar av rekneskapsføringa.

10 kryss: Du har truleg føresetnader for å føre rekneskapen din sjølv. Har du tid?