Avskrivingar

  • Skriv ut

Driftsmiddel som ein reknar med å bruke i meir enn 3 år i verksemda og som har ein kjøpskost på meir enn kr 15 000 eksklusiv meirverdiavgift må avskrivast. Det vil seie at kostnaden ikkje kjem til frådrag heilt og fullt i kjøpsåret, men må fordelast over fleire år.

Skattemessig må verksemda nytte saldometoden, noko som fører til høg avskriving (kostnad) det første året og gradvis redusert avskriving i de påfølgjande åra. Skattelova § 6-10 fastset maksimale avskrivingssatsar for ulike typar driftsmiddel. Verksemder som gjennomfører avskrivingar, må som vedlegg til sjølvmeldinga levere "Avskriving" RF-1084.

Mellombels skilnader

Verksemda kan velje ein annan type avskriving i finansrekneskapen enn det ein  gjere i skatterekneskapen. Då kan det oppstå skilnader i avskrivingsbeløp og formuesverdi mellom finansrekneskapen og skatterekneskapen. Slike skilnader kallar vi mellombelse skilnader. Desse mellombelse skilnadene representerer ein formues- eller gjeldspost i rekneskapen, medan endringa i mellombelse skilnader frå eitt år til neste påverkar berekna skatt. Verksemder som nyttar ulike avskrivingsmetodar i finansrekneskapen og skatterekneskapen må som vedlegg til sjølvmeldinga levere skjemaet "Forskjellar mellom rekneskapsmessige og skattemessige verdiar" (RF-1217).

 

Fann du det du leitte etter?

Maks 255 tegn. Kun tall og bokstaver.