Nye krav til kassasystemer

  • Skriv ut

Frå 1. januar 2017 må kassasystem som ein ønskjer å tilby på den norske marknaden tilfredsstille krava i Kassasystemlova og forskrifta som skal fastsetjast til lova. Bokføringspliktige selskap må ha teke i bruk nye kassasystem frå 1. januar 2019.

Føremålet med det nye regelverket er å redusere omfanget av svart økonomi i bransjar med kontantsal. Det er i dag få krav til funksjonar og oppbygging av kassasystem og Skatteetaten har ved kontrollar avdekt at kassasystem er sett opp på ein måte som gjer det mogeleg å skjule kontantsal. Reglane vil gjere det vanskelegare å manipulere kassasystemet for å unndra skatt og avgifter.

Reglane inneber at leverandørane etter 1. januar 2017 berre skal kunne tilby kassasystem som oppfyller bestemte krav. Mellom anna gjeld dette krav til påbodne og forbodne funksjonar, og til sikring av elektronisk journal. Før ein kan tilby systemet for sal, utleige eller utlån, må leverandørane levere ei produkterklæring til Skatteetaten om at kassasystemet oppfyller krava i regelverket. Dersom leverandøren av kassasystemet ikkje har levert ei produkterklæring, eller kassasystemet ikkje oppfyller krava i kassasystemlova eller i forskrifta til lova, kan skattekontoret påleggje leverandøren eit gebyr.

Har du eit bokføringspliktig selskap må du oppgradere eller kjøpe nye kassasystem med produkterklæring, og bruke desse til å registrere og dokumentere kontantsal med meir. For å leggje til rette for ei naturleg utskifting av eksisterande system, må du ha det nye kassasystemet på plass frå 1. januar 2019.

Spørsmål og svar om kassasystemer

Kontakt og informasjon

Spørsmål om kassasytemregelverket kan rettes til kassasystemprosjektet@skatteetaten.no

Gjelder spørsmålet utarbeidelse av standard eksport-XML (SAF-T) og digital signatur rettes henvendelsen til 

SAF-T@skatteetaten.no.

Fann du det du leitte etter?

Maks 255 tegn. Kun tall og bokstaver.