Dersom det blir generert ein X-rapport, skal ein då logge heile X-rapporten i elektronisk journal?

Ja, heile rapporten skal visast i elektronisk journal, ikkje berre tidspunktet for generering.

All kontinuerleg bruk skal lagrast fortløpande i elektronisk journal, mellom anna utskrift av kvitteringar og rapportar, jf. kassasystemforskrifta § 2-7 første ledd, jf. § 1-2 bokstav k.