Det er krav om at ein ikkje skal kunne endre skildringa av ei vare under salet. Er dette til hinder for å ha varer med variabelt beløp som t.d. «frakt», «påfylling av gåvekort» og diversevarer?

Det er ikkje i strid med kassasystemforskrifta å unnlate å leggje inn beløp som ei fast opplysning knytt til ei vare eller ei varegruppe i kassasystemet

Etter bokføringsforskrifta § 5-3-2a kan ein oppgi enkeltinnslag i salskvitteringa per varegruppe dersom det er vanskeleg å gi ei detaljert skildring av art, jf. § 5-1-1 nr. 3.

Skildring av varer må som eit minimum vere varegruppe for å tilfredsstille kravet i kassasystemforskrifta § 2-8-2 bokstav t. Å gi ei varegruppe nemninga diversevarer er ikkje ei tilstrekkeleg skildring av vara sin art.