Er det høve å bruke dei nye kassasystema før 1. januar 2019 dersom kassasystemet ikkje har kundedisplay?

Ja, eit produkterklært kassasystem utan display kan nyttast også før 1. januar 2019.

Bokføringsforskrifta § 5-3-2 første ledd andre punktum lyder slik:

Beløp som registreres på kassaapparatet skal være lett synlig for kunden med mindre det er vanskelig gjennomførbart.

Etter § 5-3-2a første ledd skal kvittering alltid skrivast ut til kunden når beløp som blir registrert på kassaapparatet ikkje er lett synleg.

Frå 1. januar 2017 er det bare høve til å selje kassasystem som tilfredsstiller krava i kassasystemlova og kassasystemforskrifta. Bokføringspliktige har frist til 1. januar 2019 med å skaffe seg eit slikt kassasystem, eller oppgradere det systemet han brukar.

Kassasystemforskrifta § 2-6 fjerde ledd krev at det ikkje skal vere mogeleg å avslutte eit sal på slike system utan at systemet skriv ut ei salskvittering. Omsynet som ligg bak dei nemnte krava i bokføringsforskrifta vil då vere oppfylt. Skattedirektoratet legg difor til grunn at eit kassasystem med produktfråsegn også tilfredsstiller krava i bokføringsforskrifta § 5-3-2a første ledd, jf. § 5-3-2. Dersom kassasystemet likevel har display, skal beløpa som blir registrert vere lett synleg for kunden. Vi viser også til bokføringsforskrifta § 5-3-12 første ledd (i kraft frå 1. januar 2019):

Kassasystemet skal skrive salgsdokument (salgskvittering) til kunden for hvert salg og beløpet som registreres på kassasystem med display skal være lett synlig for kunden med mindre det er vanskelig gjennomførbart.