Er det kor mange gonger ein har utført ein korreksjon som skal visast i X-/Z-rapport eller er det kor mange ein har korrigert totalt sett?

Det er kor mange linjer ein korrigerer som skal visast i X- og Z-rapport.

Døme: minking av mengda med 4 pga. feilslag.

Det er på ei linje registrert 5 kaffi à kr 30 (kr 150), men dette skulle vere ei linje med 1 kaffi à kr 30. Dette korrigerer ein med -4 kaffi à kr 30 (-kr 120). I X- og Z-rapport ser ein linjekorreksjonen: feilslag tal: 1, beløp kr -120.

Dersom det er registrert ein kaffi på kvar linje (4 for mykje), skal ein òg korrigere for kvar linje. I X- og Z-rapport ser ein då linjekorreksjonen: feilslag tal: 4, beløp kr -120 .

Dersom det blir utført korrigeringar etter at salet er avslutta, skal dette visast som returar og ikkje som linjekorreksjonar. Når ein slår inn 4 kaffi som minus sal, skal dette visast i X- og Z-rapport som returar tal -1, beløp kr -120, jf. kassasystemforskrifta § 2-8-2 første ledd bokstav p. I slike tilfelle skal ein skrive ut ei returkvittering og det er talet på returkvitteringar som skal summerast i X- og Z-rapport.