Er det krav om skrivar knytt til betalingsterminal?

Kassasystemforskrifta stiller ikkje krav om at betalingsterminalen skal kunne skrive kvittering.

Etter kassasystemforskrifta § 2-3 første ledd skal kassasystemet vere utstyrt med ein skrivar ved kvart einskild kassapunkt. Skrivaren skal mellom anna kunne produsere ei salskvittering. Nyttar ein integrerte betalingsterminalar, skal salskvitteringa også innehalde transaksjons-ID-en til terminalen, jf. kassasystemforskrifta § 2-8-4. Forskrifta stiller ikkje krav til utskrift av kvittering frå betalingsterminalar som ikkje er integrerte. Dersom betalingsterminalen kan produsere ei kvittering for utført betaling, må kvitteringa – papirbasert eller elektronisk – vere i samsvar med kassasystemforskrifta § 2-8-8:

§ 2-8-8.Kvittering frå betalingsterminal

Kvittering frå betalingsterminal som ikkje er integrert med kassasystemet skal tydeleg merkast «IKKJE KVITTERING FOR KJØP». Fonten på den markerte teksten skal vere minst 50 % større enn den teksten som angir beløp.