Er det krav til å registrere inngåande vekselkasse på nytt, dersom operatøren, t.d. etter matpausen, skal arbeide ved eit anna kassepunkt?

Når operatøren har eigen kassaskuff er det krav om at den inngåande vekselkassen skal registrerast per operatør.  Operatøren registrerer vekselkasse ved byrjinga av skiftet. Det er ikkje krav om å registrere vekselkasse på nytt sjølv om operatøren skal arbeide ved eit anna kassapunkt i løpet av dagen.

Det er ein føresetnad at det som er registrert betalt med kontant på kvar einskild operatør (på eitt eller fleire kassapunkt) kan avstemmast med det beløpet operatøren har i «kassaskuffen», redusert for inngåande vekselbehaldning.