Er det krav til at kassasystemet skal ha integrert kassaskuff, dersom alle operatørane loggar seg på systemet med eige namn?

Dersom salet blir registrert frå faste kassapunkt der det er mogeleg å betale med setlar og myntar skal kassasystemet ha kassaskuff.

Hovudregelen er at kassasystemet skal ha integrert kassaskuff, jf. kassasystemforskrifta § 2-2 første setning. Det er to unnatak frå dette, jf. § 2-2 andre og tredje setning, der det går fram at kravet til integrert kassakuff ikkje gjeld dersom :

kassasystemet har funksjonar for å registrere kontantsal o.a. på kvar einskild operatør og salet ikkje blir registrert frå faste kassapunkt. Kravet gjeld heller ikkje ved kassapunkt der det ikkje er mogeleg å betale med setlar og myntar.

I Skattedirektoratet si melding SKD 7/15 av 21. desember 2015 er det gitt merknader til kassasystemforskrifta. Frå merknaden til § 2-2 gjengir vi:

Det er unntak frå kravet til bruk av integrert kassaskuff under visse føresetnader. Dette gjeld når kassasystemet har funksjonar for å registrere kontantsal o.a. på kvar einskild operatør og betalinga ikkje skjer frå faste kassapunkt. Eit eksempel kan vere når servitørar tar betaling ved borda og kontantane blir oppbevart i pengebelte eller liknande.

Det er dermed ikkje noko generelt unnatak frå kravet til integrert kassaskuff for kassasystem der operatørane loggar seg på systema. Alle kassasystem som har faste kassapunkt og der det er mogeleg å betale med setlar og myntar må difor ha integrert kassaskuff.