Er det mogeleg å ha retur og nytt sal på same kvittering, og korleis skal ein oppgi "namnet" på kvitteringa?

Retur og sal kan visast på den same kvitteringa. Føresetnaden er at kassasystemet har ein funksjon som "tel" salskvitteringa og returkvitteringa kvar for seg og at kravet til innhald i kvitteringane blir oppfylt.  "Namnet "på kvitteringa må som minimum omfatte ordet "Salskvittering". Det kan likevel vere ei føremålstenleg løysing å oppgi både ordet "Salskvittering" og "Returkvittering". Orda skal visast øvst på kvitteringa, anten slik: "Salskvittering/Returkvittering", eller alternativt kan orda presenterast over to linjer øvst på kvitteringa.

Av forslaget til føresegn i bokføringsforskrifta § 5a-7-1 første ledd går det fram at "Ved returer hvor det samtidig skjer en ny salgstransaksjon kan returen fremgå av salgskvitteringen".

Talet på salskvitteringar skal gå fram av X- og Z-rapport, jf. kassasystemforskrifta § 2-8-2 bokstav l. Talet på returar skal òg koma fram i desse rapportane, og beløpet skal førast opp, jf. kassasystemforskrifta § 2-8-2 bokstav p. I merknadene til kassasystemforskrifta § 2-8-2 bokstav p, jf. vedlegg 2 til Skattedirektoratet si melding 7/15, står det:

"Dette vil vere summen av dei returane som er registrert, dvs. både dei returane som er registrert via salskvittering og dei returane som har medført ei særskilt returkvittering."

Ein kan difor ikkje ta med returar på salskvitteringa, med mindre ein kan oppfylle dette spesifikasjonskravet. Det er dessutan sett krav til innhald i sals- og returkvittering. Desse krava må du òg oppfylle, jf. kassasystemforskrifta §§ 2-8-4 og 2-8-5.