Er det systemet som styrer bookingar, produserer fakturaer, rekningar i samband med hotellopphald å rekne som eit kassasystem?

Krav til å bruke kassasystem som tilfredsstiller krava i kassasystemlova og kassasystemforskrifta gjelder bokføringspliktige som har kontantsal, jf. bokføringsloven § 10a (i kraft frå 1. januar 2019).

Kontantsal er definert slik, jf. kassasystemlova § 2 bokstav a:

sal av varer og tenester der kjøparen si betalingsplikt overfor seljar blir gjort opp ved levering, ved bruk av betalingskort eller kontantar som betalingsmiddel. Sal over internett eller ved oppkrav blir ikkje rekna som kontantsal.

Hotell vil regelmessig ha kontantsal etter denne definisjonen, og må nytte eit kassasystem etter kassasystemlova for å dokumentere kontantsal. Ordre-/bookingsystem mm. er ikkje omfatta av regelverket for kassasystem, men ved integrerte system må systemskildringa gi ei kortfatta omtale av dei ulike delmodulane, jf. kassasystemlova § 3 andre ledd. Om unntak for krav til å bruke kassasystem etter kassasystemlova sjå Unntak frå krav til å nytte kassasystem etter kassasystemlova.