Er SAF-T formatet eit godkjent format for lagring av transaksjonar i 5 år?

All kontinuerleg bruk skal lagrast fortløpande i elektronisk journal, jf. kassasystemforskrifta § 2-7 første ledd. Då alle opplysningane som skal registrerast i elektronisk journal ikkje er omfatta av XML-eksporten, må elektronisk journal oppbevarast i heile oppbevaringstida. Det er ikkje tilstrekkeleg at opplysningane blir oppbevart etter krava i SAF-T formatet.