Finst det nokon definisjon av prisundersøking?

Ordet "prisundersøking" er ikkje definert verken i kassasystemlova eller kassasystemforskrifta. Med prisundersøking meiner vi at kassasystemet blir nytta til å undersøkje prisen på ei vare (vara blir skanna) utan at det samtidig blir registrert noko sal. For kunden kan det verke som vara blir registrert på ordinær måte ettersom prisen kjem opp i kundedisplayet.

Dersom kassasystemet har funksjonar for å undersøkje pris, skal slike prisundersøkingar registrerast i elektronisk journal, og talet på undersøkingar skal kome fram i X- og Z rapport spesifisert på varegruppe og beløp. Vi viser til kassasystemforskrifta § 2-7 fjerde ledd og § 2-8-2 bokstav t, jf. § 2-8-3.