Går netthandel inn under kassasystemlova?

Nei, kassasystemlova omfattar ikkje netthandel. Det følgjer av kassasystemlova § 2 bokstav a at sal over internett eller ved oppkrav ikkje blir rekna som kontantsal. Avgrensinga verkar inn på tilfelle der betaling og levering skjer samtidig på nettet (t.d. betaling for nedlastingstenester, programvare osv.) 

Dersom varene blir bestilte og betalte på nettet, men blir henta i butikken, blir innbetalinga rekna som forskotsbetaling, som må førast over kunden sin konto (gjeld til kunden). Dersom det skal skrivast ut salskvittering frå kassasystemet når kunden hentar vara, må ein kunne avstemme dette salet mot ei tidlegare innbetaling.

Dersom ein bestiller varene på nettet, men hentar og betaler dei i butikk/restaurant, blir dette rekna som kontantsal som må registrerast ved å bruke eit kassasystem.