Gjeld dei nye reglane for internasjonale kjeder som sel kjedeløysinga til kjeda sine butikkar i Norge?

Krav til å bruke eit kassasystem som oppfyller krava i kassasystemlova og kassasystemforskrifta for å registrere og dokumentere kontantsal gjeld alle som er bokføringspliktige etter bokføringslova. Dei bokføringspliktige har frist til 1. januar 2019 med å oppgradere sitt kassasystem eller skaffe seg nytt kassasystem. Det er ikkje unntak for verksemder som inngår i internasjonale kjeder.